Samanslåing av Os gymnas og Os vidaregåande skule
Frå 1. august 2026 vil Os gymnas og Os vidaregåande skule vera slått saman til ein skule. Namnet på den samanslåtte skulen er Os vidaregåande skule, og elevane vil vera fordelte på det som i dag er Os vidaregåande skule og Os gymnas sine bygg.
Toppidrett som programfag på vg1
Hos oss kan du kombinere studiespesialisering med toppidrett! Du kan velje toppidrett som programfag allereie på vg1.Aktuelle saker
05.03.2026
Informasjonsmøte om fagval for foreldre/føresette til vg1-elevane
Vi inviterer foreldre/føresette til vg1-elevane til eit informasjonsmøte om fagval, tysdag 10. mars kl. 18.00 i kantina på Os gymnas

13.02.2026
Felles foreldremøte for russen i Stor-Bergen
NB: Ny dato! Samarbeidsgruppa for russen arrangerer informasjonsmøte for føresette til elevar på vg2 og vg3 i Stor-Bergen onsdag 18. februar kl. 18.00 på Amalie Skram vgs.

16.01.2026
Undervisningsevalueringa 2025-26
Me skal gjennomføre undervisningsevaluering på skulen i januar. Det er politisk vedteke at vidaregåande skular i Vestland skal gjennomføre ei undervisningsevaluering.

