Hopp til hovedinnhold

Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar på Os gymnas heiter Annika Anderland. Helsesjukepleiar er på skulen ein dag i veka, på onsdagar. Ho er også med i skulen sitt ressursteam. 

Alle Vg1-elevar og alle nye Vg2/Vg3-elevar ved skulen har ein samtale med helsesjukepleiar i løpet av skuleåret. Elles kan de også kome innom avdelingsleiar for elevtenester og be om å setje opp time til helsesjukepleiaren.

Helsesjukepleiar

Annika er på Os gymnas kvar onsdag. Du kan ringe eller sende SMS for å avtale time. Du kan òg berre kome innom og sjå om helsesjukepleiar er ledig. Kontoret til helsesjukepleiar finn du i underetasjen.

Annika Andersland

helsesjukepleiar
Portrettbilde av helsesjukepleiar Annika Andersland

Kva kan du ta opp?

Du kan snakke med helsesjukepleiar om alt, og ho har teieplikt. 

  • bekymring for helsa, eller vanskar på skulen eller heime
  • hjelp til å byrja å trene, eller på andre måtar leve sunnare
  • vanlege plager hos ungdom
  • vanskar med å sove
  • vanskelege tankar
  • prevensjonsrettleiing, til dømes resept på prevensjonsmiddel

Lege eller psykolog?

Helsesjukepleiar samarbeider også med lege og psykolog, og kan hjelpe deg vidare i systemet.

Helsestasjon for ungdom

Skulehelsetenesta samarbeider med helsestasjon for ungdom. Dette er eit gratis tilbod til deg mellom 13 og 23 år. Her kan du snakke med helsesjukepleiar og lege. Helsestasjon for ungdom Osøyro held til i Ung Arena i Os Aktiv-bygget, og har ope måndag og onsdag kl. 14.30 - 16.30.

Helsestasjon for ungdom i Bjørnafjorden kommune