Hopp til hovedinnhold

Eksamensgjennomføring

Her finn du informasjon om gjennomføring av eksamen ved Os gymnas. Du finn datoar for eksamensperioden, praktiske opplysningar og informasjon om tilrettelegging ved eksamen.

Eksamen våren 2024

Eksamensperioden for skriftleg eksamen er frå og med 21. mai til og med 31. mai. Eksamenstrekket for skriftleg eksamen blir kunngjort onsdag 15. mai kl. 9.00.

Eksamenstrekket for munnleg og munnleg-praktisk blir kunngjort 48 timar før eksamensdagen.

Tilrettelegging ved eksamen

Dersom du har funksjonsnedsetting, sjukdom eller andre særlege behov som gir deg vesentlege ulemper i forhold til andre på eksamen, kan du søkje om særskilt tilrettelegging. Du skal få lagt forholda til rette slik at du kan få vist kompetansen din ut frå kompetansemåla i faga.

Døme på tiltak kan vere at du får ekstra tid, får kvilerom, eller får lest opp oppgåvetekst. Du kan ikkje få tiltak som vil gi deg fordeler framfor elevar som ikkje får ein særskilt tilrettelagt eksamen. 

Eleven/foreldre må søkje rektor om særskilt tilrettelegging. Du søkjer om dette i Visma InSchool. Rektor avgjer om eleven har eit slikt behov, og kva tiltak som skal nyttast. Rektor kan kreve uttale frå sakkyndig instans. Du må søkje om eventuell tilrettelegging til eksamen kvart år.

Trekkordning ved eksamen

  • vg1 - om lag 20 % av elevane skal trekkast ut til eksamen i eitt fag; skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk
  • vg2 - alle elever skal trekkast ut til eksamen i eitt fag; skriftleg, munnleg eller munnleg-praktisk
  • vg3 - alle elevar skal opp til obligatorisk skriftleg eksamen i norsk hovudmål. I tillegg skal elevane trekkast ut til skriftleg eksamen i to fag, og trekkast ut til éin munnleg eller munnleg-praktisk eksamen

Meir informasjon

Vestland fylkeskommune si side om eksamen og standpunkt

Utdanningsdirektoratet si side om eksamen