Me er opptatt av at du skal ha det bra på skulen, og arbeider aktivt for å skape eit trygt og inkluderande miljø. Me ønskjer at alle elevar skal bli sett og tatt vare på.
Studietid
Me har tilbod om studietid for elevane kvar tysdag kl. 13:00–14.00, i kantina. Du kan bruke studietida til å få hjelp av faglærar til leksene, eller du kan arbeide med øving til prøvar eller eksamen. Du kan også vere sosial saman med andre, og spele bordtennis og liknande. Det blir ført oppmøte, og elevane kan få trekt den tida frå fråværet sitt på slutten av skuleåret.
Avdelingsleiar for elevtenester
Hilde er avdelingsleiar for elevtenester, og jobbar tett på elevane ved skulen. Ho har faste møte med elevrådet og elevrådsstyret, og ser til at elevane sine innspel både fagleg og sosialt vert tekne hand om. Avdelingsleiar for elevtenester er også leiar for skulen sitt ressursteam.
Hilde Paaske-Knauer
avdelingsleiarMiljøkoordinator
Elise er miljøkoordinator på skulen. Ho er med på å legge til rette for eit trygt og godt skulemiljø, og har fokus på førebyggande, kontaktskapande og sosialpedagogisk arbeid. Ho har kontortid ved Os gymnas tysdag, onsdag og torsdag.
Lurer du på noko? Har du berre behov for ein prat? Ikkje ver redd for å ta kontakt, om det er stort eller smått! Kontordøra er open, og om den ikkje er det, kan du sende meg ei melding på itslearning eller sms.
Elise Hagevik
MiljøkoordinatorRådgjevar
Rådgjevar kan hjelpe deg med spørsmål om val av utdanningsprogram og fag. Treng du råd og rettleiing når det gjeld vegen vidare etter vidaregåande skule? Då kan du snakke med rådgjevar.
Førebyggande arbeid ved Os gymnas
Skulen har som mål at alle skal trivast. Hovudmålet for det førebyggande arbeidet er
- å skape eit trygt og inkluderande miljø gjennom positive tiltak der alle elevane blir sett og tatt vare på
- å hjelpe og støtte elevar med urovekkande rusbruk til å kome seg ut av ein vanskeleg situasjon slik at dei kan fullføre utdanninga si
Os gymnas har innført Kjentmannsordninga. Kjentmann skal vere den elevane kan kome til på skulen ved uro rundt eigen eller andre sin rusbruk. Det er Hilde Paaske-Knauer som er kjentmann på skulen.