Kantina er open alle skuledagar frå kl. 8.10 til kl. 12.15.
Det blir servert gratis skulefrukost i kantina kvar dag frå kl. 8.10 til kl. 8.30. Nokre dagar er det brødmat og havregraut, andre dagar er det yoghurt og müsli. Me ønskjer alle elevar velkomen til ein god start på skuledagen!
Resten av dagen kan du kjøpe drikke, yoghurt og påsmurte baguettar i kantina. Det er også tilbod om varmmat i lunsjen. Varmrettane varierer, og kan til dømes vere tacogryte, lasagne, wraps, pizzabaguettar eller hamburger.
På fredagar er det ofte noko ekstra godt i kantina, som brownies og lappar!
Betaling
Du kan betale med kort eller kontant.
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
+
-
Se større bilde
Bruk piltastene til å bla i bildene
Spørsmål?
Har du spørsmål kan du snakke med Kaja som er kantineansvarleg.