Hopp til hovedinnhold

Skulerute og timeplan

Her finn du oversikt over ferie- og fridagar.

Skuleruta for skuleåret 2024–2025

Skulerute 2024–2025 (pdf)Eksamen våren 2025

Eksamensperioden for skriftleg eksamen er frå og med måndag 12. mai til og med fredag 23. mai. Eksamenstrekket for skriftleg eksamen blir kunngjort torsdag 8. mai kl. 9.00.

Timeplanen

Skuledagen startar kl. 8.35 og siste time sluttar kl. 15.30.

Det er gratis skulefrukost kvar dag frå kl. 8.10 til kl. 8.30.

Elevane finn sin eigen timeplan i Visma InSchool.

Blokkdagar

På fredagar har me blokkdagar. På blokkdagane har du fleire timar med det same faget. Det kan også skje at du ikkje har undervisning enkelte av fredagane i løpet av skuleåret.

På halvblokkdagar har du eit fag før lunsj og eit anna fag etter lunsj. Når det er heilblokkdag har du det same faget heile skuledagen.