Miljøfyrtårn er ei nasjonal miljøsertifiseringsordning for både privat og offentleg sektor, og sommaren 2018 blei Os gymnas sertifisert som Miljøfyrtårn. Engasjerte elevar og tilsette har jobba godt med miljøarbeid for å få dette til.
For å bli Miljøfyrtårn må vi oppfylle ei rekkje krav, men vel så viktig er det at det å vere Miljøfyrtårn inneber at ein har kontinuerleg fokus på miljøarbeid.
Dette er nokre av kriteria vi må følgje:
- Ha miljø som tema på tverrfaglege dagar
- Elevtillitsvalde skal delta aktivt i planlegging og gjennomføring av helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid ved skulen
- Legge til rette for sykkelparkering
- Arbeide for bevaring og/eller tilrettelegging for naturmangfald på eigne uteareal
Vi håpar både elevar og tilsette vil fortsetje det gode miljøarbeidet, slik at vi kan bli endå betre saman.