Skal du ta vidaregåande utdanning, men må bli betre i norsk først? Då kan innføringskurs for minoritetsspråklege vere eit alternativ for deg. I kurset lærer du norsk og andre fag som gjer det lettare å starte på vidaregåande skule året etter. Kurset gir ingen formell kompetanse utover dette.
Tilbodet Innføringskurs er for minoritetsspråklege søkjarar som har rett til vidaregåande opplæring, men som ikkje har gode nok norskkunnskapar til å følgje opplæringa i eit ordinært utdanningsprogram.
Målet med innføringsklassane er at det skal vere lettare å starte på vg1 etterpå.
Dei faga du vil ha i innføringsklassen er:
- norsk
- engelsk
- matematikk
- samfunnsfag
- kroppsøving
På Os gymnas har vi 1 innføringsklasse skuleåret 2024–2025.
Kven kan søke?
- Du kan søke frå det året du fyller 16 år
- Du må ha fullført norsk grunnskuleopplæring eller tilsvarande i heimlandet, og kan dokumentere det
- Du må ha lovleg opphald i Noreg
Her kan du lese meir om opplæring for minoritetsspråklege elevar i Vestland
Søknadsfristen for minoritetssprålege elevar er 1. februar. Dersom du kjem til Noreg etter denne datoen søkjer du skuleplass ved å fylle ut eige skjema.
Har du spørsmål, kan du ta kontakt med inntakskontoret på e-post inntak@vlfk.no.