Er du interessert i teoretiske fag og ønskjer å studere ved universitet eller høgskule seinare? Då kan du velje studiespesialisering. Utdanninga er treårig og fører fram til generell studiekompetanse. Du kan òg velje fag som gir spesiell studiekompetanse.
Kvifor velje studiespesialisering?
Dette er riktig val for deg som tenker å studere på høgskule eller universitet. Det er også eit smart val viss framtidas yrke ikkje lyser klart framfor deg enno, sidan du får brei studiekompetanse som opnar mange moglegheiter for framtida. Du får også mykje kunnskap og ferdigheiter som kjem til nytte, uansett kor framtida måtte bringe deg.
Os gymnas tilbyr studiespesialisering med idrettsfag, og skulen har eit breitt utval programfag som opnar dørar til alle studiar på høgskular og universitet i Noreg og i utlandet.