Hopp til hovedinnhold

Solidaritetsaksjonen 31. januar 2025

Elevane på Os gymnas har ein årleg innsamlingsaksjon der pengane går til viktige hjelpetiltak for menneske i Moldova. Då skal dei jobbe ein dag, og betale inn lønna (400 kr) til organisasjonen I Care – Norway, som er den organisasjonen elevrådet har bestemt at vi skal støtte.

I Care – Norway er ein ideell organisasjon oppretta i 2021, som jobbar for å hjelpe synshemma og andre vanskelegstilte i Moldova. Moldova er det fattigaste landet i Europa, med ein levestandard som mange u-land. Hans Bjørn Bakketeig frå Os er nestleiar i organisasjonen I Care – Norway. 

Os gymnas støttar I Care – Norway i samarbeid med Os vidaregåande skule og Fusa vidaregåande skule.

Informasjonsbrev om prosjektet (pdf)

Vi håpar at dei fleste elevane våre ønsker å støtte dette arbeidet i år også, og at mange vil bidra med å gi elevane arbeid denne dagen! 

Dei elevane som ikkje ønskjer å delta på solidaritetsaksjonen, skal møte på skulen og vil få oppgåver som dei skal jobbe med den dagen.

Tur til Moldova våren 2025

Elevar ved Os gymnas kan no søke om å delta på solidaritetsreise til Moldova. På turen vil elevane få sjå kva dei innsamla midlane frå solidaritetsaksjonen går til.

Våren 2025 vil ei gruppe tilsette og elevar frå Os gymnas, Os vgs og Fusa vgs få moglegheit til å dra til hovudstaden i Moldova, Chisinau. Her vil dei sjå kva dei innsamla midlane går til, og korleis kvardagen i eit av Europas fattigaste land ser ut. Etter turen vil dei som har reist dele sine inntrykk frå opphaldet i Moldova med resten av elevane og tilsette på skulen.

Detaljar om turen

Os gymnas kan tilby ein eller to elevar å reise til Moldova frå 1. til 4. april. Skulen sender også ein av sine tilsette. Inkludert i reisen er fly tur/retur, transport i Moldova, hotell og frukost, lunsj og middag kvar dag. Eventuelle lommepengar til andre måltid, aktivitetar og liknande, må ordnast privat. Elevane som reiser vil bli plassert på fellesrom delt på kjønn. 

Korleis søke

Elevar som ønsker å reise, må sende skriftleg søknad på e-post til rektor Kjersti Daland, seinast 24. januar. Elevane kan finne meir informasjon om reisa, og kriteriane for å kunne bli med på itslearning. 

Bilde av Hans Bjørn Bakketeig på et rom med en maskin på sjukehus i Moldova