Hopp til hovedinnhold

Team Rynkeby Skuleløp

Fredag 3. mai skal elevane på Os gymnas delta på Team Rynkeby sitt skuleløp! Skuleløpet er organisert av Team Rynkeby, til inntekt for Barnekreftforeningen.

Kva er Team Rynkeby?

Team Rynkeby er ein organisasjon som består av mosjonistar som kvart år syklar til Paris og samlar inn midlar til kampen mot barnekreft. Skuleløpet er blitt ein viktig del av det Team Rynkeby driv med.

Når skjer det?

Vi løper fredag 3. mai 2024 kl. 13.30.

Vi skal løpe i totalt 60 minutt, og hovudrunda er 2700 meter lang, med Os gymnas som utgangspunkt. Dei som vil løpe/gå meir, men ikkje vil eller rekk å ta hovudløypa på nytt, kan ta rundar rundt skulen på 410 meter.

Mikro-sponsoravtaler

Før løpet kan elevane inngå mikro-sponsoravtaler med familie og andre "sponsorar" som blir oppfordra til å gi eit bidrag per runde eller lengd eleven spring. 

Støtt oss!

Du kan støtte elevane på skulen sin Spleis her

Informasjonsskriv til foreldre med sponsorskjema